Høytlesning av JAKOB OG NEIKOB

Høytlesing av skuespiller Jon Werede Hope.

Bilde1

I forbindelse med visningen av forestillingen Soft Machine av Oslo Koreografiske arrangerer vi høylesning av boken JAKOB OG NEIKOB Stormen av Kari Stai. 

Boka leses av skuespiller Jon Werede Hope.

Dato: lørdag 30. november
Tid: 14:10-14:40
Sted: Foajéen på Dansens Hus

Om JAKOB OG NEIKOB Stormen av Kari Stai:

Jakob og Neikob i klimatrøbbel.

Bestevennene Jakob og Neikob steller i hagen da Spinnvill fyk forbi på veg til fabrikken.

- Kan du verkeleg lage alt mogleg? spør Jakob og Neikob.
- Alt mogleg på ein blunk, svarer Spinnvill.
Jakob og Neikob blir imponerte og fyller opp huset med billass av alt mogleg. Men kor skal Neikob få plass til pusterommet og boltreplassen no?

Då Stormen kjem og tek Jakob og Neikob opp i lufta, oppdagar dei noko dramatisk. Kloden har forandra seg. Han er full av søppel. Då skjønner dei at noko må gjerast: Dei må hjelpe Spinnvill. No veit dei akkurat kva ho må lage i fabrikken sin.

"Jakob og Neikob. Stormen" er den sjette boka om det prisvinnande paret Jakob og Neikob.

Jon Werede Hope byrja sin profesjonelle dansetrening ved Bårdar akademiet i Tvedestrand i 2013 og i 2018 fullførte Jon sin BA i Samtidsdans ved Trinity Laban Conservatorie of Music and Dance. Etter endt studie har han jobba som koreograf, dansar, regissør, skodespelar, lysteknikkar og produsent. Han har jobba med kunstnarar og institusjonar som til dømes Theo Lowe, Jana Winderen, Torkil Sandsund, Jeff Pedersen, Dansens Hus, Dramatikkens Hus, Sogn og Fjordane Teater,  Collision Dance, Den Mangfaldige Scenen, Det Vestnorske Teateret, Teaterfestivalen i Fjaler, Det Norske Teateret og YMIST.

Hope er særskild interessert i det symbiotiske forholdet mellom rytmar, rørsler og lydar. Han ynskjer å nytte scenekunsten som ein plattform for å gi rom til dei stille stemmene i samfunnet vårt og samstundes undersøke nærare den store verda mellom dans, teater og musikk. For tida utforskar han musikalske uttrykk og jobbar  med å utvide sin musikalske praksis. 

Kari Stai er forfattar og illustratør. Ho er medlem av NBK, Tegnerforbundet, Norske barne- og ungdomsbokforfattere og Trøndersk Forfatterlag, og innkjøpt av Nasjonalbiblioteket, Nils Aas Kunstverksted og Inderøy Kunstforening. Kari Stai var med i illustratørfellesskapet Patron i Oslo fra 2005 til 2009. Ho er utdanna ved Kunsthøgskolen i Oslo med mastergrad i Visuell kommunikasjon i 2005. Ho har også studert ved Høgskolen i Telemark (faglærarutdanning i kunstfag) og Oslo Tegne- og Maleskole.