Skal ein samanlikne Lloyd Newson med ein eventyrfigur, meiner eg at både Espen Askeladd, prinessa som ingen kunne målbinde og Robin Hood stikk seg fram. At sonen av ein gruvearbeidar i frå Søraust-Australia skulle «ruffle some feathers» i britisk politikk og kunstscene, høyrer nemleg ut som narrativet i eit klassisk norsk folkeeventyr. Ved å konstant spørje: kvifor?, har Newson egla på seg kunstfiffen, politikarar, islamistar og «nikke-dukke-dansarar». Han har alltid avfeid kunstverdsjargongen: “Talk with anybody who deals with me and [they’ll say] I’m so anti-Establishment”, seier han i avisa Independent under overskrifta: DV8: Three decades of the provocative dance-theatre company
DV8 og Lloyd Newson, Del 1
– eit historisk tilbakeblikk
Arbeidet til kompaniet DV8 kan ganske enkelt beskrivast som ei manifistering av koreografen Lloyd Newson sin ubeklagelege veremåte. Ved å utfordre forsteina idéar innanfor samfunnet og kunsten, har Newson i løpet av tretti år med koreografisk verksemd utvida dansebegrepet og den sceniske kroppen.
Lloyd Newson. Foto: Fiona Cullen
Espen Askeladd og dansen
Lloyd Newson vart fødd i 1957 i Albury, South Wales i Australia. Opprinneleg utdanna han seg innanfor psykologi og samfunnsstudiar ved Melbourne University. Under utdanninga starta han å ta danseklassar – først mest for gøy – og vart etter kvart ein del kompaniet Modern Dance Ensemble. Ved studieavgang i 1978 virka dansetilverelsen meir fristande enn psykologlivet, og han reiste sporenstreks på audition for å bli med på eit turnésamarbeid mellom Impulse Dance Theatre og New Zealand Ballet Company. Som den einaste guten som møtte opp på audition vart han tilbudt ein plass.
I 1980 reiste Newson til London for å jobbe med det australske kompaniet One Extra Dance Theatre. Under dette opphaldet mottok han studieplass med fullt stipend ved London School of Contemporary Dance. Etter eitt år med utdanning arbeida han for fleire kompani og 28 ulike koreografar. I kompaniet Extemporary Dance Theatre vart han i fire og eit halvt år, og her starta han å eksperimentere med koreografi. Han var frustrert over eit manglande fagleg fokus innanfor den britiske samtidsdansscena og samtidig svært misfornøyd med kor knebla han var i si eiga koreografiske verksemd. Korte innstuderingsperiodar og dansarar som han beskriv som «trapped by the gloss of dance», prega arbeidsprosessane. Han meinte også at det var problematisk at dansekunsten ikkje kunne omhandle problem i samtida.
Det einaste han kunne gjere for å endre på dette var å skape sine eigne arbeidsforhold, noko han fekk ved å tilknytte seg utøvarar med like interesser som han sjølv. I 1985 gjorde Newson prosjektet Bein’ Apart; Lonely Art, med dansekunstnaren Michelle Richecoeur. Dette skapta ei gnist som resulterte i DV8. Namnet DV8 er mangefassetert. Det står for Dance Visual/Video 8. DV8 blir uttalt «deviate», oversatt til avvik, og snakkar om ei undersøking i Storbritannia på 80-talet som handla om mentalpasientar og forholdet mellom menneske som fysisk skader seg sjølv og andre. Danninga skjedde saman med Michelle Richecoeur og skodespelaren Nigel Charncock. I frå 1986 har Newson fungert som koreograf og artistisk direktør, men samarbeidde nært med Richecoeur og Charncock i fleire prosjekt i byrjinga.
Jernladyen og landstrykaren
Om vi går tilbake til Storbritannia og 80-talet er landet prega av den ekstremt konservative og høgrevridde Thatcher-politikken. I ettertid kan dette oppsummerast som ein politikk som innskrenka alle statlege utgifter gjennom ei hyppig privatisering av offentlege tenester og instansar. I praksis ville dette seie at statlege selskap vart solgt, statssektoren slanka, skattetrykket letta, inflasjonen bremsa og streikeretten begrensa. Til tross for knebla fagforeiningar og ein skyhøg arbeidsledighet, gjorde Margaret Thatcher landet – som i løpet av 70-talet hadde blitt til det ho sjølv refererte til som eit sosialdemokratisk konkursbu – igjen til ei stormakt, både militært og økonomisk. Inkorporert i politikken låg protestantisme blanda med antikommunisme og euroskepsis. Det konservative gjennomsyra kunstsynet og også spørsmål rundt tilhørsle og aksept. Eit resultat av den auka privatiseringa var at kunstutdanning i stor grad berre var tilgjengeleg for ein liten del av samfunnet. Motstanden kom direkte til uttrykk i kunsten gjennom blant anna punk-rørsla, i mote, musikk, biletkunst og teater. Men kva med dansen?
«The gloss of dance»
På 80-talet er musikkvideoen og sceneshowet leiande som formidlingsform i popkulturen. Dans blir slik ein viktig og særs integrert del av ungdomskulturen, der gatedansen for første gong blir akseptert som noko med verdi. Koreografi i musikkvideoane til Janet Jackson, Michael Jackson, Paula Abdul, Madonna og grupper som Take That og East 17, skaper den forma for dansekunst som når flest menneske. På grunn av økonimisk usikkerhet som sett eksperimentell dans ut av spel, blir London Europa si hovudscene for blomstringa av kommersielle danseformer og musikalar med kjende dansestudio som Pineapple Dance Studios og London Studio Centre. Desse vart forøvrig grunnlagt tre år inne i Thatcher-politikken, i 1978 og 1979, og vart leiande private institusjonar for sjow-dansen i London. Utanom Ballet Rambert og London Contemporary Dance Theatre med namn som Siobhan Davies, var dansescena i Storbrittania altså ei blanding av det tradisjonelle og svært kommersielle.
I USA er ekkoa frå Judson Church framleis viktige i utviklinga av dansekunsten. Trisha Brown, Deborah Hay og Twyla Tharp utvikler eit nytt og spissa rørslespråk og viser til metodikk som til nå har vore ukjend i dansekunsten. Her i Europa er det særleg den Flamske Bølga med Anne Theresa De Keersmaeker, Wim Wenders, Alain Plantel og Jan Fabre som dytter dansekunsten framover. Både Brown og De Keersmaeker nytter filmmediet i sin kunstnarskap og skapar samtidig eit danseimage som når sidene i franske og amerikanske Vogue.
I Storbritannia er det altså narrative historieforteljingar og fysisk briljans som dominerer dansen. Om dette var eit resultat av politikken er usikkert, men Newson var i alle fall utmatta av det einspora biletet prega av ungdom, venleik og å skape vakre bilete og former. Han er kjend for å ha kalla dans for “the Prozac of the artforms”. For artikkelen DV8 Ten Years on the Edge frå 1997, seier han: «Rarely does dance address the complexities of the real world. At times dance feels very juvenile to me: until we re-define our notions of what dance is, what a dancer looks like and how a dancer moves; until older, fat and disabled dancers can be encouraged to keep performing and to talk about their lives, the form will remain young and immature. We must encourage dancers to use more than just their bodies”. Sjølv såg Newson opp til arbeida til Pina Bausch i Tanztheater Wuppertal.
Sei det med kroppen
Grunnlegginga av DV8 Physical Theatre i 1986 kan seiast å vere resultatet av Newson sin direkte og ubeklagelege veremåte og eit inderleg ønske om å kunne kommunisere idéar og kjensler tydeleg og upretensiøst med eit fokus på sosiopolitiske tema. Repertoiret kan beskrivast som å vere ein serie av koreografiske utforskingar av kva menneskeleg atferd kan vere. I artikkelen frå 1997 seier han: «My background in psychology has provoked me constantly to ask "why?" Why do an arabesque? What does an arabesque mean? Han forlot tradisjonelle danseformer nettopp på grunn av den generelle manglande spørsmålstillinga. . Han avskyr måten meining blir tilsidesatt av framvisinga av evner. Dette sensurerer det å feile og sensurerer slik også det å vere menneskeleg. Gjennom dans arbeider han for å preservere den verkelegheita som han ser rundt seg. Kan ein kalle det eit politisk kall? “Oh no, politics is hid-e-ous. I think I’ve been much more honest as an artist than I ever could be as a politician, svarer han til dette.
Newson er like lite interessert i merksemd som han er i tomme og jålete danserørsler. Han har ein patologisk aversjon mot å framstå som ein offentleg person. Noko av det han liker best er å gå ubemerka rundt blant publikum og høyre på kva dei seier. I tillegg til å vere mediesky er han heller ikkje interessert i å samarbeide på andre sine premiss. Han har fått invitasjonar av bla. Stanley Kubrick for filmen Eyes Wide Shut, Cirque du Soleil og store produsentar i USA. «I'm not prepared to take the easy line for the pot of gold at the end" seier han til dette i artikkelen First-person-singular Sensation, publisert i The Sunday Telegraph I 2005.