Bak ryggen på Ulf

Det at ein homo går bak ryggen på ein annan homo kan få fatale følgjer. For å ha alt på det reine, startar eg difor artikkelen med ein liten prolog.

Skjermbilde 2019 09 23 Kl 13 57 52
- Foto: Foto. Tale Hendnes/Dansens Hus

Tittelen Bak Ryggen på Ulfer laga for å bli misforstått; eit elegant ordspel som lyder godt i øyret med sitt snev av ironi. Artikkelen bygger på intervju med menneske som er ein del av universet til dansekunstnar og koreograf Ulf Nilseng. Å snakke nokon bak ryggen blir i mange tilfeller sett på som ein uting – som det seg hør og bør. I språket er å gå bak ryggen på nokon det å gjere noko i sjul, og då gjerne med dårlege intensjonar. Slik er å baksnakke det å snakke negativt om nokon. Det er viktig å poengtere at det i løpet av intervjua som denne artikkelen er bygd på, aldri har blitt foreteke noko baksnakking. Her har ikkje uaktsom baksnakking skjedd eingong! Difor, for dere som kjente at det rykka lett i stressrynka i panna då dere las tittelen, ver vennlege og slapp av. Denne artikkelen skal vere informativ og underhaldande. Eg veljer difor, med respekt for dere som panisk leita fram mobilen for å finne prisdifferansen på botox og anti-stress yoga, å gi teksten ei uformell tittelendring: Framfor Ryggen på Ulf. Å framsnakke er eit nyord som vart framstilt for å skape eit antonym til å baksnakke. Framsnakking vil altså seie å snakke positivt om nokon, utan at dei høyrer det.

FRAMFOR RYGGEN PÅ ULF.

Ordlyden heiter at det bak ein kvar stor mann står ei kvinne. I Ulf sitt tilfelle står det minst tre. Eg har snakka om mennesket Ulf og fått historiar som teiknar linjer mellom liv og kunstnarskap – og som forklarer kvifor Ulf så gjerne er naken.
Dette blir satt saman med samtaler med kollegaer, ei dansehistorisk tidslinje og uttrykk som skeiv dansekunst og queer performance. For å få med alle startar vi med det sistnemnde. Det er tross alt det som er motivasjonen med skeiv kunst – at alle skal få vere med.

Skeivt sjølvsagt?

Skeiv dansekunst er eit relativt nytt uttrykk – eit uttrykk som kan seiast å vere ute på prøve. Det vart framstilt i samband med ei samtalerekke igongsatt i 2018. Ann-Christin Kongsnes og Marte Sterud samla norske dansekunstnarar for å sjå korleis dans fungerer som eit medium i undersøkinga av kjønnsuttrykk og seksualitet. Felles for kunstnarane er at dei alle nyttar eit mangfald av strategiar, tilnærmingar og holdningar i kryssinga mellom kropp, seksualitet, performativitet og identitet. Uttrykket er heilnorsk og kjem av ei manglande forståing for kva det skeive skal bety, både i dansekunsten og i samfunnet generelt.

Det næraste engelske uttrykket er queer performance. Queer-uttrykket tynger, både historisk og politisk. På 80- og 90-talet vart identity politics – identitetspolitikk – ein fanesak for kontemporære kunstnarar. Identitetspolitikk er eit breitt begrep som rommar alt utanfor den kvite, maskuline og vestlege norma. Vestleg kunst har tradisjonelt, og i stor grad, vore med på å oppretthalde heteronormative strukturar. No nyttast det tvetydige i kjønn og seksualitet som ein katalysator for kunstskaping. Scena blir eit rom for det som tidlegare har vore usynleg. Dei undertrykte og marginaliserte stemmene som gjennom kvinnekamp, PRIDE og synleggjering av aids-epidemien tek plass. Queer er eit viktig begrep og ein kampsak i politikken. Det handlar om likeverd, som ein i aller høgaste grad kjempar for den dag i dag. Kunst er med på å formidle og definere bergrepet. Fordi dans og performance iscenesett levande kroppar, formidlast det levde og erfarte livet. Slik står dans og performance i ei særstilling når det kjem til kunst som er lenka til identitetspolitikk og eit queer uttrykk.

Ulf Barndom1
Ulf-minner frå lærar Grete Rongdokken sitt album.

Gryter, truser og vrikking.

Ulf vaks opp med Grete Rognbakken som næraste nabo på Lillehammer. Rognbakken flirer varmt når ho fortel om han over telefonen. Klokka er 8:00, og eg sitt inne i kontoret/klesskapet mitt på hybelen der eg snakkar med ho over høgtalar. Det er mykje kjærleik som ligg mellom linjene i det ho seier; ei form for omsorg som tydelegvis forblir mellom mennesker uavhengig av tid.

–Ulf var alltid blid. Han hadde god humor og var flink til å uttrykke seg. Vi som kjente han opplevde at han hadde en annen følsomhet enn andre. Slik ble han vel aldri en av de tøffe gutta, men det skulle han vel ikke heller. Han var alt for individuell. Ulf var og har alltid vært seg selv, han har aldri prøvd å være noen andre.

Eg spør om dansen kom fram allereie i barneåra. Rognbakken har fleire historiar.

–Som veldig ung gutt var det særlig to ting han likte å gjøre; å leke med kjøkkenting og å danse. Hjemme hos oss ville han derfor røre i gryter og danse rundt, ofte iført ikke mer enn en liten truse og en hvit singlet. Senere ble antrekket oppgradert med leggings. Dette var veldig morsomt å se på. Ulf hadde en væremåte som sa at dette måtte være helt naturlig – en selvfølgelighet. Det fikk jo noen øyenbryn til å heve seg, da det ikke var like populært blant alle. Men for oss var Ulf alltid bare Ulf. Han var smart, aktiv og grasiøs; en nydelig gutt som hadde dansebevegelser i alt han gjorde. Det var like mye vrikking på fjellturer som det var mellom grytene og pannene. Jeg var instruktør i Lillehammer Turnforening og underviste i fridans, jazzgymnastikk og aerobics. Her startet han sammen med datteren min. Han var veldig kreativ og kunne finne på egne bevegelser og detaljer. Bevegelsene til Ulf ble ofte en del av repertoiret og vi instruktørene kopierte gladlig.

Det personlege nærer kunstskapinga.

Det personlege ligg som oftast til grunn for det som definerast som queer. Den skeive inngongen for skapinga av kunst kom altså som eit resultat av frustrasjonen blant homoseksuelle, transeksuelle og andre marginaliserte grupper. Dette låg i lufta då Ulf kom til Oslo og vart med tida stadig meir gjeldande her heime. I USA og på kontinentet var dette tema for ei omstendeleg utforsking som vart gjort gjennom kunsten. Den amerikanske publikasjonen Movement Research Performance Journal vart lansert i 1990 og undersøkte tematikken som vart presentert i dei samtidige sceneromma. Gjennom 90-talet er blant anna AIDS, Gender Performance, The Identity Issue og performance/protest/resistance/activism titlane på samtlege utgåver. Queer-tematikk går altså hand i hand med scenekunst og performance.

På same tid her i Noreg skjer ei endring innanfor dansen. Ein stiller stadig nye spørsmål til kva dans skal eller kan vere, postmodernismen får eit større feste i dansescena og den flamske bølga med aktørar som Anne Theresa de Keersmaeker, Wim Vandekeybus, Alain Platel og Jan Fabre viser ein ny generasjon med stjerneskot som inspirerer og sett ein slags ny standard. I 1993 er det eit nasjonalt fokus på dans i Noreg. Moglegheitane innan dansen er enorm og utsiktane er lysande for nye stemmer. Forestillingsserien Menn Danser (1993–1998) skaper eit skifte. Dansekunstnarar som mellom anna Karstein Solli, Marius Kjos, Odd Johan Fritzøe og Øyvind Jørgensen presenterer skeive menn på scena gjennom ei iscenesetjing av si eiga kjensle av ein manglande plass i feltet og i samfunnet. Dei satte spørsmålsteikn ved kjønnsrollene dei møtte gjennom danseutdanningane ved institusjonane og rollane dei skulle gestalte i arbeidslivet. Dei utfordra det feminine ved dansen og det allmenne synet på kva det ville seie å vere ein mann som dansar. I tillegg vart ulike tolkingar av kva det vil seie å vere skeiv eller homofil framstilt gjennom nyanserte bilete av skeivheit. Ulf, som på denne tida studerte ved Statens Balletthøgskole, fekk ei ny oppfatting av kva dans kunne vere. Menn Dansar opnar slik opp eit nytt rom for tolking av det skeive.

Fest Med Katrine
På fest med Katrine

Ein pessimist i høge hælar.

Ulf søkte seg til forsøksgymnas i hovudstaden i 1982. Med tida starta han å ta timar i klassisk ballett med Alejandro Mezo. Eg tek ein prat med bestevenninna, Katrine Malmo. Ho fortel at ho tilnærma seg Ulf på forsøksgym for å bli kjend med ein gut ho var småforelska i. Det vart derimot ho og Ulf; eit venneforhald som ho beskriv som fantastisk, trygt og nært, men tosamt sett utanfrå.

–Jeg bodde mye hos Ulf i Jens Bjelkes gate på Tøyen. Min store ungdomskjærlighet hadde gått fra meg og jeg endte derfor opp med å dele seng med Ulf. Sammen var livet travelt, men bekymringsløst. Vi la oss sammen og stod opp sammen. Det var mye festing og nakensoling på øyene. Aktiviteter som matlaging og skolearbeid var det gjerne mindre av. Dette var da café- og utelivet i Oslo startet å blomstre. Etter skoletid gikk vi og drakk kaffe på Café Vera. Deretter gikk vi gjerne til Café de Paris, Coco og Café de Stijl. Etter klokken passerte ti så man oss vanligvis på Metropol. Ulf ville alltid dit, og jeg hang med. Han var ofte ulykkelig forelsket på denne tiden, og hadde gjerne noen i kikkerten som han trodde han ikke kunne få. På samme måte drømte han lengselsfullt om å kunne være danser, noe han så på som en slags umulighet. Dansetimene var hellige for Ulf. Mellom skolearbeid, fest og fyllekuler gikk han alltid på dem. Likevel følte han seg aldri flink nok.

Det er noko ambivalent ved ein person som på ei side får mykje til, men som på den andre sida framstår nesten pessimistisk til eigne oppnåingar. Eg spør kva det er med det tosidige i UIf.

–Den pessimistiske siden passer ikke sammen med Ulf som får så utrolig mye til. Han er, og har alltid vært, sinnsykt sterk og tøff i det han gjør. Å komme fra et mindre sted der man føler seg annerledes gjør noe med et menneske. Han flyktet på en måte fra Lillehammer fordi det ikke var greit å være der. Hele tiden har han stått på sitt. Slik oppfatter han seg selv annerledes enn andre gjør. De som kjenner Ulf kjenner humoren hans. Det er alltid mye latter. Han er dønn ærlig, på godt og vondt. Det som kanskje er hans beste egenskap som menneske og som venn er at han aldri vil framstille seg selv annerledes eller bedre enn han er.

Eg blir interessert i dualiteten som ligg i det private og det profesjonelle. Det er interessant korleis vi framstår ulikt i ulike sko. På privaten ser eg Ulf i Vans og All Stars, medan han gjerne går med hæler på scena. Kva skjer i møtet med det ulike fottøyet?

–Gjennom kunsten, og da særlig arbeidet med Toyboys og Ulf, framstilles den seriøse og høytidelige siden av han. Her er han samtidig, skeiv og annerledes. Det er gjerne store følelser som står på spill. Det handler ofte om det grunnleggende rundt å elske eller å bli elsket. Ulf vil ikke være tradisjonell. Det skeive uttrykket kan leses i alt han gjør. Det bygger vel på det personlige som er farget av legning. Han bruker dette for å nå ut til alt som er annerledes. I mye av arbeidet blir det gjerne gitt en humoristisk nerve. Karakteren Lola i forestillingen Lola and her red shoes dancing with Circus Polskiav Marika Enstad må ha tatt direkte utgangspunkt i privatpersonen Ulf. Her er det mer «fjas» enn i for eksempel Ulf Goes Religious, som har et mye større alvor ved at den var så ladet med store følelser. Det personlige ligger tett til arbeidet hans. Når man kjenner han godt er dette særlig tydelig.

Toyboyshanged Puff20131
Den siste forestillingen TOYBOYS gjorde på Dansens Hus var Hanged Puff i 2013.

Gutar som vil leike.
–Ulf og jeg gikk i studio med et ønske om å kunne gjøre noe som ville overskride normaliteten til kjønnsuttrykk og seksualitet. Sammen satte vi spørsmålstegn ved hva det ville si å være feminin; å røre seg feminint. Dette var ikke noe vi kunne gjøre i de «streite kompaniene». Nå høres det ut som kritikk av dem, men det var vel mer en kritikk av oss selv. Man må kunne ta ansvar for sitt eget savn. Det ble derfor utrolig frigjørende å gå vekk i fra stereotypiene for å lage en ny og helt egen verden. I denne verdenen kunne vi gjøre alt vi savnet og mer. Ulf var kanskje den som savnet det mest. Han var en pådriver for TOYBOYS.

Eg sitt med Terje Tjøme Mossige på sykkelcaféen Peloton i Torggata. Ein dialog om homsar som dansar kan skje kor som helst – til og med mellom sykkeltrøyer. Vi deler ein kanelsnurr. Mossige, som i løpet av si utøvande dansekarriere har jobba på tvers av sjangrar og i ulike prosjekt og kompani, fortel om korleis det vart han og Ulf på scena.

–TOYBOYS handler om å kunne tolke ting på ulike måter. Det er jo de guttene som liker å leke litt. Det ligger i navnet. Men det er jo mange ulike måter å leke på. Igjen, så handlet det om vårt ønske om å få uttrykke oss selv og vise til en bredere forståelse av kjønn, identitet og seksualitet. Hvordan kunne vi strekke kjønnsbegrepet? Gjennom to prosjekter med Un-Magritt Nordseth møttes Ulf og jeg skikkelig, og skulle da for første gang improvisere sammen. Det var en tydelig kjemi mellom oss, og vi fant hurtig ut av at dette var noe vi måtte undersøke videre. I 2002 reiste vi til København der vi leide et studio. Her startet arbeidet med forestillingen While We Are Sleeping. Vi er fysiske mennesker og lot refleksjoner og tanker manifestere seg i kroppen gjennom ukesvis med improvisasjon. Ambisjonen var å skape et fysisk språk som skulle skape mening. Dette med skeivhet og å være annerledes har alltid ligget som et bakteppe i alle prosesser og er inkorporert i alle forestillinger. Vi er ikke sånne som kan sitte ved et bord og skape dans. Det er det fysiske arbeidet som gjør at vi kan tilnærme oss en tematisk kjerne. Da vi skulle vise While We Are Sleeping, gledet vi oss som kåte ungstuter. Forestillingen ble vist i et studio i Göteborggata, der publikum satt på broderte bestemorputer. Den ble veldig godt mottatt og ble et godt utgangspunkt for det som skulle bli et elleve år langt danserisk samarbeid og til sammen ti forestillinger. Jeg vil tørre å påstå at vi var de første norske dansekunstnerne som var nakne på scenen. Motivasjonen var visuell; ikke for å skape sjokkfaktor eller debatt. Det kom som en naturlig del av det vi dreiv på med. Vi ville lage et bilde av bølgende kropper. Jeg holdt meg gjerne i bakgrunnen, mens Ulf gikk rett på publikum. Han har absolutt ingen bluferdighet når det kommer til å være naken. Det er flere ting enn dette som gjør Ulf til en flott kunstner altså: hans mot og skaperevne. Han tør å hive seg ut og være leken. Han sensurerer aldri seg selv. Han er åpen. I forestillingen The Man at The Tramstop(2008) hadde vi en fem minutter lang kyssesekvens. Riksteateret tok den på turné, og jeg husker at premieren var i Sogndal. Dagen etter kjeftet kulturjournalisten i lokalavisa på befolkningen som ikke hadde møtt opp.

Den opne modellen.

Det var ikkje berre ein kulturjournalist i Sogn Avis som vart overbevist av The Man at The Tramstop. Også fotballkommentator i TV2, Øyvind Alsaker, skal ha vore meir enn begeistra med sitt første møte med TOYBOYS og samtidsdansen: –Jeg lo så jeg grein. Det er noe av det morsomste jeg har sett. Det er Marianne Albers, kommunikasjonsansvarleg ved Danseinformasjonen, som gir meg sitatet. Saman med dagleg leiar for Danseinformasjonen, Sigrid Øvreås Svendal, sitt vi saman mellom bøkene på biblioteket i lokala deira på Vulkan i Oslo. Ho nemner både tokjønna- og opne modellar innanfor dansen og at dette automatisk fargar både skapingsprosess og scenisk framføring. Albers nemner koreografar som Ulf har jobba med, som Un-Magritt Nordseth og Eva-Cecilie Richardsen, som brukte meir opne modellar i både skaping og framføring, slik at mann- og damerollane ikkje alltid var like prega av stereotypiar. Skeiv dansekunst er ikkje eksklusivt for dei skeive. I dag gjer til dømes Henriette Pedersen dette på ein spanande måte, legg Svendal til, som plasserer dansekunstnarar som blant anna Ulf, Steffi Lund og Karstein Solli sitt arbeid i ein kategori for seg sjølv – aktørar som har gjort det å jobbe med dans opnare for dei som kjem etter.

Christina Nilseng
Onkel Ulf og Christina

Onkel Ulf.

–Da jeg var yngre så jeg ikke så mye til Ulf. Han var alltid på farten og var sjelden på besøk hjemme hos bestemor og bestefar på Lillehammer. Jeg gledet meg alltid til han skulle komme dit om somrene. Det var spennende å høre om arbeidet hans, om reisene, kjærester og alt som for oss virket eksotisk og fremmed. Når familien reiste sammen på sydentur lå vi på den vanlige stranden og Ulf på nudiststranden. Han ville ta seg litt egentid noen dager og reiste til den største byen i området. Da han kom tilbake ville han fortelle om spennende møter, morsomnme fester og deilige drinker.

Niesa Til Ulf, Christina Nilseng, fortel om ein onkel som har fungert som inspirasjon gjennom heile oppveksten. Framleis overraskar han ho, om det så er på klubb, på tur i Berlin eller rundt matbordet. Ho beskriv han som ein ekte livsnytar; ein mann som er heilt fri.

–Som liten forstod jeg ikke så mye av hva han dreiv på med. Jeg husker at jeg så en forestilling der han satt i et badekar og sa «her satt jeg godt». Det var klart at Ulf ønsket å oppdra meg – gi meg kulturelt påfyll. Han tok meg mellom annet med på en danseforestilling i Operaen. Jeg hadde pyntet meg for anledningen og gikk i fin kjole. Etter forestillingen gikk vi hjem til han der han serverte te og lot meg kose med katten hans. I voksen alder har vi reist en del sammen. Han er nok den i familien jeg relaterer mest til. Sammen reflekterer vi gjerne over prosjektene hans, om prosessene og politikken. Jeg føler han alltid har stått på barrikaden. Man må være tøff for å være nysgjerrig, og man må være nysgjerrig for å være nyskapende. Et interessant aspekt ved kunsten hans er hvordan han utforsker ulike former for språk. Han er opptatt av det ikke-verbale språket. Denne interessen reflekteres i hans veldige åpenhet for alle mennesker. Ulf er inkluderende, generøs og grenseløs.

Epilog.

Kunstnarskapen til Ulf – oeuvren,som det heiter på fint – er 25 år. Det er noko konsistent, ein staheit, som er gjeldande i arbeidet som går over desse åra.
Ulf insisterer på å stå i det skeive.
Ulf er repetativ i rørslene sine.
Insisteringa opplevast aldri slitsam. Det handlar om å kunne utforske på ulike måtar.
Slik blir det ikkje ei sementering av tematikk eller uttrykk. Ein kan snakke om den gjenkjennelege Ulf, aldri om den klassiske Ulf. Materialet og kroppen er kjend, men det sceniske uttrykket er i utvikling.
Som alle eg har framsnakka Ulf med seier; Ulf er alltid seg sjølv.